
Innkjøp
Gode innkjøpsrutiner vil sikre at
det er eit reelt behov for å kjøpe inn nye varer
riktig mengde nye varer blir kjøpt inn
miljøvennlege produkt og føretrukne leverandørar blir brukt
arrangementet har betre økonomistyring
Tips! Å velge lokale produkt er bra i høve transport og utslepp, samstundes som ein støttar det lokale næringslivet.
Sjekkliste for område Innkjøp
-
Å ha god kontroll på innkjøp kan vere avgjerande for at arrangementet både miljømessig og økonomisk blir ein suksess. Derfor kan det vere smart å
1. Utnevne ein innkjøpsansvarleg for arrangementet
2. Utarbeide ein instruks som hjelper innkjøpsansvarlege til å ta gode val for arrangementetInnkjøpsansvarleg bør
- kjenne til klubben sine innkjøpsrutinar og handle i tråd med desse
- hente inn bestillinger frå andre områdeansvarlege på arrangementet og iverksette bestillingar
- følge opp leveransar i forkant og under arrangementetInnkjøpsinstruksen bør
- avdekke behov for nye varer.
Finst det eit lager? Kan noko gjenbrukast? Er alle produkt nødvendige?
- sikre at miljøvennlege løysingar og føretrukne leverandørar blir brukt.
Finst det lokale avtalar? Utval av miljøvennlege produkt? Returordningar for ubrukte varer/ emballasje?
- minimere at gratisprodukt blir delt ut
-
Treng arrangementet nye varer?
Har klubben eit lager?
Kan noko gjenbrukast eller kuttast ut?
Kan noko erstattast med meir miljøvennlege løysingar?
Sørg for at innkjøp til arrangement blir gjennomført i henhold til klubben sine retningslinjer
-
Dei fleste leverandørar har eit godt utval av miljøsertifiserte produkt, nettopp fordi forbrukarar etterspør det i stadig større grad.
Sjå Tips og råd for oversikt på dei mest kjente miljømerkene
-
Ved å handle lokalt sparar du miljø og transportkostnadar samstundes som du støtter det lokale næringslivet der du bur.
Har klubben din allereie gode innkjøpsavtalar med lokale leverandørar som også ditt arrangement kan ha nytte av? Sjekk med klubben om dette er på plass.
Høyr med leverandørar om dei kan tilby:
- utval av miljøvennlege produkt
- fleksibilitet i høve å hente ut/levere tilbake ubrukte varer og emballasje
- tips til produkt/ sette opp forslag til enkle menyar
- konkurransedyktige vilkår