
Avfall
Avfall som vert produsert heng nøye saman med innkjøp som er gjort.
God og riktig avfallshandtering på arrangementet sparar miljøet
Eit teikn på god miljømessig standard er at anlegget er reint og ryddig og at avfallsbehaldarar er lett tilgjengelege.
Sjekkliste Avfall
-
Det kan vere nyttig å utnevne ein ressursperson for avfall på arrangementet som får ansvar for å
- samarbeide med eventuell ressursperson for avfall i klubben
- kjenne til retningslinjer for handtering av avfall på anlegget og iht klubben sine rutinarEin avfallsinstruks kan bidra til å forenkle arbeidet, også for framtidige arrangement. T.d kan dette omfatte å
- sette opp dugnadsliste med definerte oppgåver innan område avfall
- gi informasjon om avfallshandtering som gjeld på anlegget
- koordinere med innkjøpsansvarleg at nødvendig utstyr for avfallshandtering er i stand, at det er nok og at det er utstyr til frivillige
- Sette ut nok avfallsbehaldarar på sentrale stader og der det blir produsert avfall
- kommunisere ut eventuelle returordningar av varer
- Sørge for at avfall blir gjort klart til henting - i tråd med klubben og anlegget sine retningslinjer for avfallshandtering
-
Avfallshandtering på arrangementet må vere i tråd med avfallsopplegg som er gjeldande på anlegget. Det er viktig at ressurspersonar for avfall er kjent med retningslinjer for dette.
Arrangementet bør kildesortere i ulike fraksjonar der det er muleg, og ha eige opplegg for pant.
Her kan du ta kontakt med kommunen din eller renovasjonsselskapet for råd og samarbeid.
På Sortere.no finn du informasjon om avfallshandtering i din kommune.
-
Avfallsansvarleg bør utarbeide ei dugnadsliste for frivillige som skal arbeide på arrangementet med definerte oppgåver for førebuing, gjennomføring og opprydding.
Kommuniser ut eventuelle returordningar av varer og emballasje som finst