Grøne fordelar

Det er fullt muleg å tenkje grønt og samtidig oppnå gode fordelar for arrangementet ditt!

Samfunnet etterspør miljøvennlege løysingar i stadig større grad og både publikum, sponsorar og samarbeidspartnarar, sparebankstiftingar, fylkeskommunar, m.fl. er ofte positive til å støtte gode miljøtiltak og initiativ.

Her finn du informasjon om ulike støtte- og finaniseringsordningar som vi kjenner til i vårt område:

  • Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane har tildelt fotballkretsen midlar for å stimulere klubbar til å komme i gang med miljøarbeidet. Vi utbetalar derfor ei arrangementstøtte for kvalifiserte “Grønt arrangement”.

    Retningslinjer for å få tildelt arrangementstøtte:

    - Arrangement må vere i regi av klubbar og idrettslag i NFF Sogn og Fjordane
    - Ordninga vil omfatte godkjente cupar, turneringar, fotballskular o.l. (ikkje enkeltkampar).
    - Alle tiltak i sjekklista skal vere gjennomført, eller ein har forplikta seg til å gjere det. Sjekklista må sendast inn for å kunne søkje om arrangementstøtte.

    Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane set ikkje krav om profilering av eigen bank, og støtte kan derfor også utbetalast til arrangement i klubbar som har andre bankar som sponsorar.

    Arrangementstøtte blir utbetalt etter følgande retningslinjer:

    Ein dags arrangement, inntil kr.5.000,-

    Arrangement over fleire dagar inntil kr.10.000,-


  • I nokre tilfelle må idrettslaget bruke pengar for å gjennomføre klimavennlege tiltak. Kanskje vurderer klubben å investere i sykkelparkering, pantestasjonar, avfallstasjonar o.l.

    Det finst ulike støtteordningar som klubbar og idrettslag kan søkje på. Her er ei oversikt på ordningar som finst i vårt område (blir løpande oppdatert):

    Vestland Fylkeskommune
    Lokale klima- og miljøtiltak
    Frist: 9.mai (?)

    Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane
    Frist: 1. mars og 1. september
    Søkje gåvemidlar?
    Stiftinga har sett av ein eigen pott til miljøtiltak. Det er relativt få som søkjer på denne ordninga og det kan derfor vere gode sjansar for å bli tildelt midlar. Idrettsarrangementet må ligge i Sogn og Fjordane. Sparebankstiftinga set ikkje krav til profilering av eigen bank og midlane kan derfor søkjast på også av klubbar og idrettslag som har andre bankar som sponsorar.
    http://www.sparebankstiftinga.no/


    Andre aktørar det kan vere verdt å spørre:

    Sparebanken Vest
    Søk om prosjektmidlar
    Frist: hovudfrist 1. april, men løpande ordning for resten av midlane.
    Støtter frivillige organisasjonar innan ulike områder

    Gjensidigestiftelsen
    Utdeling av midlar til samfunnsnyttige tiltak
    Frist: 1.mars og 1.september

    Kommune
    Sjekk med kommunen din om dei har ordningar eller kan tilby tenester til miljøvennlege tiltak

    Sponsorar og leverandørar
    Sjekk med idrettslaget sine samarbeidspartnarar om dei kan bidra som ein del av samarbeidsavtala.