
1. Om Grønt arrangement
«Grønt arrangement» er eit miljømerke for fotballarrangement og skal inspirere klubben eller idrettslaget ditt til å ta gode val for klimaet.
På denne nettsida finn du informasjon, instruks samt tips og råd som skal hjelpe deg på vegen.
Arrangementet ditt blir tildelt miljømerket «Grønt arrangement» når du har gjennomført alle punkt i instruksen, eller når du har forplikta deg til å gjere det.
”Grønt arrangement” er ikkje ein fasit på korleis fotballen skal løyse klima- og miljøutfordringar, men eit verktøy for å komme i gang.
“Klubben som sjef” for Grønt arrangement!
For å sikre at alle arrangement i klubbregi på sikt blir grønare, så vil det vere viktig at “klubben er sjefen” og etterkvart etablerer rutinar som alle arrangement skal følge. Under kvart område i instruksen har vi derfor utarbeidd forslag til konkrete tiltak som klubben kan gjennomføre. Ved å velge boksen FOR KLUBB kan klubben hente tips og råd i miljøarbeidet sitt.
Veiledar for grøne arrangement
Vi har utarbeidd ein generell veileder for grøne arrangement som alle idrettar kan laste ned og tilpasse i sin klubb eller idrettslag. Denne kan også lett tilpassast til digital versjon på nett. Sjå nederst på sida for å laste ned veiledaren.
Prosjektgruppa i NFF Sogn og Fjordane vil takke Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane for finansiering av prosjektet “Grønt arrangement”. Dette har vore heilt avgjerande for gjennomføringa. TUSEN HJERTELEG TAKK!
-
Idretten er ein stor og viktig samfunnsaktør i landet vårt. Kvar dag, året gjennom, samlar vi alle samfunnslag og generasjonar i bygd og by til fysisk aktivitet og idrettsglede på våre arrangement.
Norsk idrett har uttalte mål om at vi, på alle nivå, i forbund, idrettskretsar, særkretsar, særforbund, klubbar og idrettslag - skal ta ansvar for vår miljøpåverknad i vår aktivitet.
Skal vi bidra til å nå FN sine bærekraftmål og redusere klimagassutslipp med 50% innan 2030, så må alle gode krefter bidra i miljø- og bærekraftarbeidet.
«Grønt arrangement» skal gi klubbar og idrettslag inspirasjon og hjelp til å starte opp med miljøarbeidet på sine arrangement. Med enkle miljøtiltak og bevisste val, kan vi saman gjere ein stor skilnad og redusere vårt klimaavtrykk i kombinasjon med aktivitet og idrettsglede på våre arrangement.
Å tenkje grønt kan også gi fordelar og forsterke idrettslaget sin profil:
- publikum blir stadig meir bevisste og etterspør miljøvennlege løysingar
- leverandørar har generelt eit godt utval og kan gi gode tilbod på miljøvennlege alternativ.
- sponsorar og samarbeidspartnarar etterspør i stadig større grad grøn tankegang hos organisasjonar dei har avtale med, og er ofte positive til å bidra i miljødugnaden
- det finst gode søknadsordningar via stiftingar, idrettskrinsar, mm., for ulike miljøinvesteringar.Ved tildeling av miljømerket «Grønt arrangement» , vil dette også kvalifisere til arrangementstøtte, alt etter storleik og varigheit på arrangementet. Les meir om dette under Grøne fordelar.
-
Miljømerket «Grønt arrangement» fokuserer på enkle og konkrete klimatiltak innan 5 hovudområder:
* Innkjøp
* Mat og servering
* Avfall
* Transport
* EnergiUnder kvart hovudområde er det krav om å gjennomføre ulike miljøtiltak, t.d. miljøbevisste innkjøp.
1.Instruksen viser kva tiltak som må gjerast for å komme i mål med sertifiseringa
2.Tips og råd kan hjelpe deg på vegen og gi vidare inspirasjon i miljøarbeidet
3.Sjekkliste fyllast ut og sendast inn når alle punkt i instruksen er gjennomgått og utfylt, eller når ein har forplikta seg til å gjere det.
Stikkprøvar vil bli gjennomført, men ordninga er i hovudsak tillitsbasert