Transport
Behov for transport i samband med arrangement avheng av avstandar, storleik på arrangementet og utbygging av kollektivtransport.
Uansett så er det tiltak arrangørar kan gjere for å sette fokus på og redusere miljøbelastinga i samband med transport til og frå arrangementet.
Sjekkliste Transport
-
For å sikre trygg og smidig trafikkavvikling kan det vere nyttig å
- utnevne ein transportansvarleg
- utarbeide ein instruks for transport i samband med arrangementetTransportansvarleg vil få ansvar for å
- kjenne til retningslinjer for trafikkavvikling i klubben
- gjennomføre tiltak i instruksenInstruksen bør innehalde momenter som å
- sette opp dugnadslister for parkering (dersom storleik på arrangementet tilseier det)
- sørge for at parkeringsvestar og anna utstyr er tilgjengeleg
- sikre parkering til kollektivtransport
- sikre opplegg for sykkelparkering (helst nær inngang)
- tilrettelegge for parkeringsavgift på arrangement der det er nødvendig for å redusere antal privatbiler
- informere gjestande lag om arrangementet sine retningslinjer for trafikkavvikling (ev klubben sitt standarskriv)
- oppmode eigne og gjestande lag til å gå eller sykle til arrangementet (der det er hensiktsmessig)
-
Sørge for at alle invitasjonar eller inforskriv inneheld nokre moment som gjeld gange og sykling til og frå arrangementet der det er muleg.
Fordelar kan t.d. vere
- trygg sykkelparkering sentralt på området
- type premiering for dei som går eller syklar, t.d. rabatterte inngangsbillettar
- kampanjer i samarbeid med ulike lokale aktørar, t.d. rabatterte priser på sko og sykkelutstyr, service på sykkel i løpet av turneringsdagen
Å gå eller sykle er god folkehelse!
-
Sende ved klubben sitt standardskriv (om det finst), eller utarbeide eige arrangementskriv, der gjestande lag blir oppmoda om samkøyring. Her kan det i tillegg ligge ei oversikt på parkeringsområder ved anlegget, samt vise kor nærmaste stoppestad for kollektivtransport er.
-
Det bør vere eit eige avsett område for sykkelparkering nært inntil anlegget.
Bussar og anna kollektivtransport får oppstillingsplass på sentral plass, der det er muleg av omsyn til trafikktryggleik og avvikling.