Kaffiavtale
Å selge kaffiavtalar med termokopp/gjenbrukskopp er ein fin måte for klubben å tene pengar på, samstundes som ein tek vare på miljøet. Mot ein eingangssum i året kan ein få kaffi i koppen på alle klubben sine arrangement, og dette kan bidra til å redusere bruken av eingongskoppar i klubben. Ikkje berre er gjenbrukskoppen betre for miljøet, den held også betre på varmen. Noko som passar perfekt ein kald haustkveld under flomlysa.
Kaffikoppen kan bestå av klubblogoen, men også sponsorar kan profilerast!
Koppen er den perfekte julegåva til fotballpappen eller bestemora som har alt, og gjev også ein fin moglegheit til å skryte over klubben i sitt hjerte på arbeidsplassen.