
Transport
Behov for transport i samband med arrangement avheng av avstandar, storleik på arrangementet og utbygging av kollektivtransport.
Uansett så er det tiltak arrangørar kan gjere for å sette fokus på og redusere miljøbelastinga i samband med transport til og frå arrangementet.
Sjekkliste Transport Klubb
-
Klubben bør ha ein overordna plan i høve transport til og frå idrettsanlegget som seier noko om
- klubben sin strategi for å stimulere til auka gange og sykling, t.d.:
* sikker sykkelparkering, helst nær inngangar
* trygg adkomst for gåande til anlegget
* vurdere ulike kampanjer for gåande/syklande til arrangement, t.d. samarbeid med lokale sykkelbutikkar som tilbyr rabatterte varer og service på sykkel
* aktivt profilere i eigne kanalar som ein klubb som stimulerer til auka gange og bruk av sykkel
* vurdere parkeringsavgift og satsar på enkelte arrangement
- utarbeide eit skriv til arrangementgruppa om klubben sitt fokus på gange og sykling og som dei kan sende ut i samband med arrangement
-
For å sikre at klubben sine retningslinjer for transport i samband med arrangement blir fulgt bør klubben
- utnevne ein transportansvarleg i klubben
- utarbeide ein transportinstruksTransportansvarleg vil ha ansvar for at instruksen blir fulgt og at ansvarleg person/ar i arrangementgruppa blir gjort kjent med denne
Transportinstruksen bør innehalde momenter som:
- strategi for å stimulere fleire til å gå eller sykle til og frå klubben sitt anlegg, t.d:
* sikre trygg tilkomst og parkering for syklar (gjerne nær inngang)
* initiere ulike kampanjer for å stimulere til å gå/sykle
* profilere klubben sitt fokus på å gå/sykle
* vurdere parkeringsavgift på enkelte arrangement
-
Klubben bør utarbeide et standardskriv der ein oppmodar om samkøyring for gjestande lag
Skrivet bør også gi en god oversikt over parkeringsplassar samt vise kor nærmaste stoppestad for buss er (der det er aktuelt)
-
Klubben bør ha ein plan på korleis tilgjengelege parkeringsplassar kan fordelast mellom personbilar og kollektivtransport.
Tips! Bruk av samkøyringsappar kan stimulere til meir samkøyring, t.d. https://www.sammevei.no/ eller https://same-way.com/no/