Sunn idrett

Sunn idrett er eit satsingsområde i Norges idrettsforbund som blant anna skal auke kunnskapen om kosthald og idrettsernæring, samt skap gode matkulturer og trivsel rundt mat.

Barn og unge som er i vekst treng mykje energi i form av riktig mat. Her kan ein som arrangør bidra til at unge utøvarar får i seg nok og riktig ernæring ved å tilby gode og sunne alternativ i kiosken. Sunn idrett har på si heimeside lista opp ei rekke forslag til matvarer som kan serverast på idrettsarrangement til dømes:

  • påsmurte grove bagettar

  • wraps

  • oppkutta frukt og grønt

  • fylte horn eller pizzasnurrer

  • smoothie

  • grove vafler

  • gryterett eller lapsgaus

  • salatar

  • lefserull

  • nøtteposer

Sunn idrett arbeider også aktivt mot å førebygge eteforstyrringar i idretten og arrangerer ulike e-læringskurs for både idrettsutøvarar og trenarar. Meir informasjon om dette fin du på heimesida til Sunn idrett.

Forrige
Forrige

Pantestasjonar

Neste
Neste

Innkjøp av frukt og grønt